«Kjøp jord, dei lager ikkje meir av det» lyder eit kjent sitat frå Mark Twain. Og i det er sjølvsagt ein grunnleggjande sanning med ein lokal aktualitet: Den jorda vi bygg ned får vi ikkje att. I det moderne Noreg har vi kanskje og gløymt andre sanninger: at maten vi et kjem frå jorda, og at føresetnadane for alt menneskjelig liv her i landet startar med at nokon snur, sår og dyrker jorda. Vi kan ikkje leve på olja aleine.
Her på vestlandet dyrker ein ikkje menneskjemat, ein dyrker gras til dyrefôr. Difor har eg av pedagogiske årsaker ein minikjøkkenhage i ein kasse slik at poden skal lære at salaten ikkje veks ut av hylla på Rema 1000. Det er naudsynt når den jorda som ein gong fødde vestlendingene med korn og potet no vert slått til silogras, og alt anna enn kjøt og melk blir produsert i andre deler av landet eller i utlandet. Menneskje vert fjerna fra sitt eige eksistensgrunnlag, og den livgjevande dyrkbare jorda vert uten omsut lagt under betong og asfalt for (i den store samanhengen) kortvarige vinster. Dette er resultat av statlege føringer, og ein trugsel mot matsikkerheten i store deler av landet.
Men også husdyrproduksjonen står i fare. Gardsbruk etter gardsbruk vert lagd ned, og bøane gror att. Miljøpartiet Dei Grøne vil ikkje være med på den statleg administrerte nedbygginga av det vestlandske jordbruket. Dei etablerte partia på stortinget har svikta. Kva har senterpartiet eigentleg gjort for den vestlandske gardbrukaren gjennom snart åtte år i landbruksdepartementet anna enn å være med på å akselerere nedlegginga? Problemet med SP er at dei har låst seg til ein forelda tankegang og utdaterte perspektiv. Miljøpartiet Dei Grøne representerer ein ny grøn kraft i norsk politikk, med eit heilskapleg og nyskapande syn på alle politikkfelt. For oss er solidaritet med komande generasjonar, med natur og dyr og med menneskje i andre land bærande prinsipp som styrer politikken. Det betyr mellom anna at samfunnet og økonomien må byggja på reell berekraft som tek utspring i naturressursane og naturens evne til å halde oppe menneskjeleg aktivitet over tid. Og alt startar med maten vi et.
Matproduksjonen må være berekraftig. Det løyser vi best ved å dyrke mat etter økologiske prinsipp. Det gjer også den beste kvaliteten og smaken på maten. Maten vi et er elles ofte full av plantevernmedel og andre giftsstoffer, og kunstgjødsel tømmer lagra av fosfor som vi kan råke tom for i vår levetid. Difor vil vi fjerne merverdiavgiften på økologiske varer, og sette som mål at offentlege matinnkjøp skal innehalda 50% økologiske varer innen 2017. Økologisk produksjon betyr også strengare krav til dyrevelferd. Det er ein sentral sak for MDG. Vi har ikkje rett til å påføre dyr unødig liding for å dekke behov som ofte er meir innbilte enn reelle. Miljøpartiet Dei Grøne meiner vi som forbrukarar må betale meir for maten for å sikre ein berekraftig produksjon som tek dyrevelferd på alvor. Men staten skal og bidra med styrka overføringer til dei bøndene som driv berekraftig og som steller godt med dyra. I område som er utsatt for rovdyr, ynskjer MDG å bruke store penger på å sikra sameksistens mellom rovdyr og beitedyr. Rovdyrgjerde i utmark og gjeting er tiltak vi ynskjer å satse på. Det vil og auke sysselsettinga i landbruket.
For Miljøpartiet Dei Grøne er matvareberedskap ein viktig sak. Vi meiner dagens beredskap står til stryk, for vi er berre sikra i den grad transport av matvarer kan gå som normalt på vegene. Beredskapen er ikkje berekna på å handtere større vanskar enn langvarig streik, noko regjeringens utval for matvareberedskap sjølv seier. MDG er bekymra for livsgrunnlaget her vestpå om ufred, økonomisk krise, miljøkatastrofer eller naturkatastrofer skal råke landet. Vi overlev ikkje lenge på silogras, og kornlagra har myndighetene avvikla. Miljøpartiet Dei Grøne vil auke selvforsyningsgraden av korn, poteter, frilandsfrukt og -grønsaker, melk, kjøt og egg. Fôr, gjødsel og såfrø må med i berekningsgrunnlaget for selvforsyningsgraden. Vi vil attinnføre beredskapslagring av korn for minst eitt års forbruk. For å nå dei måla, må
mykje av den beste dyrkingsjorda i vår landsdel leggjast om frå grasproduksjon til korn og grønsaksdyrking. For å kompensere må melk- og kjøtprodusentane belønnast for å ta i bruk utmarka att.
Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å attskape ein meir naturleg knytning mellom konsument og maten han et. Vi vil fremme nye driftsformer som andelslandbruk, der kunden investerer i avlinga til bonden om våren og kan være med å hauste avlinga direkte. Det kuttar fordyrande mellomledd, og gjer bonden sikring mot dårlege avlingar. Vi har og trua på at etterspurnaden etter parsellar til eigen grønsaksdyrking vil auke om støtteordningar kjem på plass. Utleige av slike parsellar kan verte ein attraktiv attåtnæring for mange bønder, og kaste meir av seg enn dyrking av gras på same areal. Vi ynskjer å starte med dei små og gje alle skoler og barnehager tilgang på parseller til grønsaksdyrking. Men viktigst er Miljøpartiet Dei Grønes generelle politikk for jordbrukssubisidier som er langt meir offensiv enn den som Sp forfekter og vi er ikke redde for å skryte av det. Vi veit vi må snu utviklinga for jordbruket om vi skal sikre livsgrunnlaget her i landet, koste hva det koste vil. Difor vil vi ha som mål med landbruksoverføringane at eit årsverk i landbruket skal avlønnast tilsvarande ein årsløn for andre fagarbeidarar. Det handler om å sikre maten vi et, det handler om å sikre jorda mot nedbyggjing og attgroing, det handler om å skape levedyktige vilkår for vestlandsjordbruket.
For Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje landbruket noko vi kan velje vekk. Det er den viktigste næringa vi har, og vi må vakte og styrke han mot kortsiktige interesser. Nei sel ikkje jorda, og bygg han ikkje ned. – Dei lagar ikkje meir av det.